Etter TV-serien om tungtvannsaksjonen

TV-serien om tungtvannsaksjonen gjer det aktuelt å minne om at Reisjå-Bondal-området var sentralt, særleg i Operasjon Sunshine som blir nemnt i siste episode av serien. Operasjonen skulle koste Leif Tronstad livet til slutt.

Operasjon Sunshine var hovudoppgåva til Heimefronten/Milorg leia av kompani Linge ved Leif Tronstad mot slutten av krigen, og gjekk ut på antisabotasje. Industri, og ikkje minst kraftstasjonane i Telemark og Numedal måtte forsvarast dersom tyskarane ved kapitulasjonen skulle bruke brent-jord-taktikk slik Nord-Norge hadde blitt utsett for.

Utdrag frå boka ”Skriften på veggen” av Svein Vetle Trae (Hjartdal historielag 1995)

Nemnast kan det også at når skiløypene går heilt inn til Håråtuve, er vi ikkje langt frå Grasfjellhytta ved Sandvatn rett over grensa til Tinn, der dei første tungtvanns-sabotørane (Grouse) førebudde mottakinga av dei engelske soldatane (Freshman) som skulle lande med glidefly på Møsstrond.

Dette innlegget ble publisert i Reisjå og Bondal blogg. Bokmerk permalenken.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *